First we take Stockholm, then we take Jølster
Terje Lyngstad perset på maraton igjen, for tredje gang i år!
Årets Stockholm Marathon, det 36. i rekka, samla rekordmange deltakarar. I overkant av 16 000 kvinner og menn fullførte løpet. Vêret var perfekt, lettskya og 14-16 grader. Vi fekk ein liten dusj frå vergudane i det starten gjekk, og for dei som ikkje var alt for seine i mål var sola og ein stigande varme kjærkomen ut på ettermiddagen og kvelden.
Av: Terje Lyngstad
Dette var mitt tredje Stockholm Marathon, og minna var gode frå fjorårets løp, då eg sprang mitt første løp under tre timar. Eg hadde 37 sekund til gode på den magiske grensa då eg gjekk i mål. Etter at eg sette ny pers i Boston tidlegare i år på 2.56,34, måtte gamle mål erstattast med nye og eg blinka meg ut Jølster Maraton 5. juli, der start og mål ligg eit steinkast frå barndomsheimen min. Maraton handlar jo først og fremst om kjensler, og kva kan kjennast betre enn å prestere godt på heimebane?
Løpet i Stockholm var difor ein del av treningsopplegget, og sidan eg denne dagen skulle springe ein lang langtur på 4,10 pr. km såg eg at det kunne gi meg ein ny pers på rundt 2.55. Løypa i Stockholm er fin, i fleire tydingar av ordet. Ho går gjennom svært vakre omgivnader, både i byen og i den ca. ni km lange sløyfa innom Djurgården. Men ho er òg fin fordi ho er rimeleg flat, der to passeringar over Västerbron med 34 meters stigning er det mest krevjande partiet.
Målet var å springe jamt, helst med negativ split. Eg starta i pulje B, og brukte seks sekund frå startskotet gjekk til eg passerte startlinja. Det gav meg høve til å kome inn i marsjfart frå første steg. Etter eit par km i 3,50-fart, kom eg snart inn i rytmen på 4,10. Det er ein stor fordel å ha få løparar framfor seg i eit så stort løp, særleg på drikkestasjonane, som dessutan var svært godt organiserte.
Sjølv om det er fint med variasjon i ei løype, frå by til parkliknande omgivnader, kjende eg at Djurgården var det partiet kravde mest arbeid, både fysisk og mentalt, kanskje fordi det er minst publikum i dette området, og fordi heile strekket er litt einsformig. Men når du først er ute av parken, kjennest det ekstra godt å møte att byen og dei veksande folkemengdene inn mot Olympia-stadion og mål.
Eg passerte halvmaraton på rett under 1.27 og satsa difor på å gå i mål på 1.54, dvs. 4,08 i snitt. Det viste seg å halde, sjølv om eg måtte opp i 4,29 over Västerbron ved 34 km. Den raskaste delen av løpet gjorde eg dei siste sju km, då snittfarten var 14,7 km/t, noko som gav ei sluttid og ny pers på 2.54,06. Totalt plasserte eg meg som nr. 179, og som nr. 9 i klasse 45-49 år.
Målet mitt under Jølster Maraton er å setje ny ”Jølster-rekord”, det vil seie å bli den løparen tilslutta Jølster IL som har sprunge maratondistansen raskast. Då må eg slå Svein Boges 2.49,13, som han sprang i Drammen i 1993. Då eg lett til beins rusla ut av Stockholm Stadion, etter store inntak av sponsa proteinprodukt, kaffi og lettøl, var gleda stor over ny pers, men kanskje aller størst over å ha fått svar på at Svein Boges over 20 år gamle tid er meir truga enn nokon gong.
Mange gode norske prestasjoner
Isabellah Andersson vant sitt sjette Stockholm Marathon på tiden 2.32.28 og tok samtidig sitt 25. SM-gull. Kenyansk seier i herreklassen ved Benjamin Bitok. Raskest av de 269 norske som løp i den svenske hovedstaden var unge Sondre Øvre-Helland fra Bergen, som løp på 2.46.18, og Marthe Kinnander, med 3.20.30 som beste norske dame. Stein Henrik Olaussen fra Askim var nest raskeste nordmann på 2.50.29, bare to sekunder foran Andreas Haraldsen. Terje Lyngstad var nummer fem på den norske listen, der 10 mnn løp under 3 timer:
To andre norske jubelgutter:
De 25 beste norske i Stockholm Maraton 2014:
83 Sondre Övre-Helland (NOR) Norge 2.46.18
138 Stein Henrik Olaussen (NOR) Norge 2.50.29
139 Andreas Haraldsen (NOR) Norge 2.50.31
172 Odin Tveiten (NOR) Norge 2.53.32
179 Terje Lyngstad (NOR) Norge 2.54.06
305 Asbjörn Lindbak (NOR) SPIK 2.58.33
311 Thomas Tronstad (NOR) Norge 2.58.37
319 Kristian Heggebö (NOR) Norge 2.58.46
340 Kim Rörvik (NOR) Metropolis Gym 2.59.05
375 Rolf-Arne Halvorsen (NOR) Nordea Norge 2.59.54
439 Björn Christensen (NOR) Norge 3.02.42
535 Rolv-Jörgen Bredesen (NOR) Norge 3.04.58
555 Martin Bergseth (NOR) Enskede 3.05.40
704 Kristian Ueland (NOR) Norge 3.08.51
757 Sandor Angi (NOR) Norge 3.09.43
796 Kenneth Semb Lund (NOR) Norge 3.10.37
809 Stian Eliassen (NOR) Norge 3.10.54
831 Björn Bryne (NOR) Norge 3.11.22
832 Tor Kristian Håversen (NOR) Norge 3.11.23
838 Ove Wolff (NOR) Norge 3.11.30
840 Peter Halvorsen Bogo (NOR) Norge 3.11.32
880 Rune Halvorsen (NOR) Norge 3.12.20
976 Jard Bringedal (NOR) Norge 3.13.50
987 Paal Tangen (NOR) Norge 3.14.02
990 Jan Eirik Aske (NOR) Norge 3.14.04
De 25 beste norske kvinnene i Stockholm Maraton 2014:
106 Marthe Kinnander (NOR) Stockholm 3.20.30
136 Marte Ödegaard (NOR) Norge 3.23.37
148 Ann Kristin Dyrkolbotn (NOR) Norge 3.24.58
149 Kari Sigdestad (NOR) Norge 3.24.58
158 Johanna Håland (NOR) Norge 3.25.55
195 Cathrine Loennecken (NOR) Norge 3.28.44
327 Jeanette Trandokken (NOR) Norge 3.37.28
354 Aud Skogen (NOR) Norge 3.38.49
419 Marianne Straume Almli (NOR) Norge 3.41.44
449 Inger Helene Hansen (NOR) Norge 3.42.41
520 Marianne Bjerva (NOR) Norge 3.45.35
564 Tine Hammernes Leopold (NOR) Norge 3.46.52
602 Gine Johannson (NOR) Norge 3.48.08
657 Anne Eldegard (NOR) Norge 3.50.22
829 Anne Gro Enger (NOR) Norge 3.55.11
882 Kjersten Wheeler (NOR) Norge 3.56.21
997 Solfrid Moum (NOR) Norge 3.58.48
1066 Hanna Stranger (NOR) Solna 4.00.21
1072 Camilla Rodal (NOR) Norge 4.00.29
1091 Trine Brataas (NOR) Trångsund 4.01.01
1152 Trine Dowerdock (NOR) Norge 4.02.58
1240 Astrid Brox (NOR) Norge 4.05.08
1265 Gunn Iren Helgesen (NOR) Norge 4.05.57
1325 Helga Kringen (NOR) Norge 4.07.22
1445 Mona Braathen (NOR) Norge 4.10.08
Les også Sportsmandens rapport fra fjorårets Stockholm Maraton – En drømmedag i regnet – av Christian Odgaard.
sportsmanden.no
Tilbakeping: Terje Lyngstad første jølstring som vant Jølster Maraton - Sportsmanden
Tilbakeping: Ekstreme løp står for døren i helgen - Sportsmanden