3 maraton på 3 uker!
Maratonmannen Bjørn Fretland fra Øvre Årdal løper mer og lenger enn de fleste. De siste årene har han stort sett løpt minst en maraton i måneden. Nå har han imidlertid løpt 3 maraton på 3 uker, med 3.plass i Rett Vest som avslutning!
Her er Bjørn sin egen beskrivelse av «3-på-rad stuntet» sitt:
– Av Bjørn Fretland –
Maraton 3 helger på rad er vel kanskje ikkje å anbefale, men no er i allefall «stuntet» gjennomført. Ettersom eg er ansatt i Hydro, fekk eg tilbud tidleg i vinter om å springa 42 km gratis i Holmestrand forrige helg. Tenk å få gleden av å springa 42 km uten at det kosta noko anna enn masse krefter! Meldte meg sjølvsagt på, uten å tenke på at det kom mellom 2 andre tiltenkte maraton. OK, eg har løpt 2 helger på rad ved eit par anledninger før, så eg satsa på at det skulle gå bra.
Første helga gjekk føre seg på heimebane i Fana (eg har løpt 17 av mine 42 maraton der). Det var vel ikkje akkurat kraftige snøbyger me hadde venta oss tidleg i april, så tiden 3.12 var nok litt prega av været.
Forrige helg var det som sagt Holmestrand Maraton. Der vart eg advart av vinnaren, Christian (Odgaard, red.anm) før start at løypa var «litt» hardare enn Oslo. For å sei det mildt, han hadde rett! Fornuftig, som eg sjelden er, så tok eg det litt roligt fra start og sprang 3 jamne runder, på 62-62-64 minutter. Litt artig å sjå at det fortsatt er litt fart i ein gammal sprintar, for mine 57 sekunder på siste sløyfa inn til mål var den raskeste. Forøvrig vart eg nr. 2 i klassen og 9 totalt.
Får vel sei at eg utnytta mine 3 langhelger godt, for i går vart «3 på rad» avslutta i Florø. Litt synd at maratondistansen i Rett Vest kanskje var den siste. Med kun 10 deltakere på distansen, så er det vel lett å skjønne at koster meir enn det smaker for arrangøren. I taxien ut til start var me kun 7 stykk, ettersom det var 3 som starta 2 timer før. Tykte litt synd i lokalbefolkningen i dei små avsideliggande bygdene, som stilte opp på drikkestasjonane med allslags godsaker for så få. Til og med flagga var heisa, så det var nesten så ein følte seg litt viktig, på veg gjennom Nordal, på veg til start.
Løpet mitt vart nok prega av ein litt for tøff start. Første 10 km på 41.30 gjekk lett, i svak medvind. Fortsatte i samme fart fram til stigningane starta etter 17 km. Trur eg må ha vore «høg» på noko, for eg klarte ikkje å roe ned sjølv om pulsen var langt over fornuftig «maratonpuls». Km-tid på 5.05 i 8 % stigning føltes berre altfor lett, og eg fekk nok svi for det på slutten.
Etterkvart som eg kom inn på hovudvegen mot Florø, og det var 17 km til mål, fekk eg heng på mange halvmaratonløpare som starta 90 minutter etter oss. Fekk nokre gode rygger der, og må nok berre innrømme at eg feiga litt ut, og var nøgd med 4.40-fart dei siste 15 km. Med krampetendenser i den minste unnabakke på slutten, så var nok det ganske så lurt.
Eg hadde nok mitt beste løp i Florø, i fjor på 3.01. At det vart 7 min dårlegare i år, skyldast nok alderen… 🙂
– – – – – –
Fasit «3 på rad»
Maratonkarusellen, Fana, 6.april: 3.12.42 – nr 4 totalt
Holmestrand Maraton, 14.april: 3.09.52 – nr 9 totalt
Rett Vest, Florø; 20.april: 3.08.17 – nr 3 totalt
sportsmanden.no
Tilbakeping: Snø og slit i siste løp i Maratonkarusellen! | sportsmanden.no