Løp maraton på under 3 timer for 232.gang!
Helge Hafsås med utrolig maratonrekord
Jølster Maraton er et arrangement som svært mange skryter av og der løperne gjerne kommer tilbake år etter år. Nordfjordingen Inge Asbjørn Haugen, Norges mestløpende maratonløper, fullførte lørdag 1.juli sitt maraton nummer 546 da han jubilerte med sitt 25.Jølster Maraton. Krimforfatter Gunnar Staalesen gjorde et slags «comeback» i sitt 70.år og jubilerte med å løpe her for 10,gang. Og «oldingen» Helge Hafsås, fra Olden i Stryn, løp maraton på under 3 timer for 232.gang i karrieren! Slå den! Hafsås løp på 2.59.28 og ble nummer to i løpet.
Aller raskest i Jølster Maraton var Jens Andreas Melheim fra Vik IL med 2.51.32 og Vivian Kyte fra Stegaberg IL, med 3.13.11.
Populære hjemmeseire med dobbel Øygard
Arrangøren legger opp til en allsidig løpsfest med både halvmaraton, 10km og 5km i tillegg til full maraton.
Halvmaraton ble vunnet av Knut Olav Øygard fra arrangørklubben Jølster IL på 1.16.32 og Trine Bjørvik fra Gaular Il på 1.32.12.
På 10km ble det også hjemmeseier til Jølster IL ved Eivind Øygard, som vi antar at er broren til Knut Olav, på sterke 31.49, og av Ane Brekke fra Førde IL på 41.19.
Gular-duo raskest på 5km
Raskest på den korteste distansen var de ikke helt ukjente klubbkameratene fra IL Gular, Marius Vedvik og Eli Anne Dvergsdal, som vant 5km på sterke tider; 14.37 og 17.19.
Maratonrapport nummer 546! – Av Inge Asbjørn Haugen –
Norges ukronete maratonkonge Inge Asbjørn Haugen (bildet under, til venstre) har selv beskrevet sitt maratonløp nummer 546, og det 12. i 2017, slik på sin egen Facebookside:
Ein jølsterdag – ein jølsterdag.
-Eg synest det er greitt å innleie med denne overskrifta, for det var akkurat det det var. Eg deltok for første gong i Jølster i 1986 – den gongen på halvmaraton. Seinare har det vorte 25 maraton, medreikna løpet denne helga.
Føre løpet var eg forsiktig optimist og håpa på ei betre tid enn i fjor då eg sprang inn til 4.12. Farten var stor nok i starten – litt over 5 minutt pr km, sjølv om eg konsentrerte meg om ikkje å bruke krefter.
Eg har vel uttalt før at eg har fått tildelt ein fantastisk kropp, men eg blir ikkje heilt klok på den. Før 10 km var gått fekk eg såpass problem med eit kne at det gjekk utover løpestilen. Merkeleg nok forsvant desse problema like fort som dei kom, og eg gløymde heile greia.
Fin medvind prega første halvdel. Passerte halvvegs på 1.55.17. Eg var her slett ikkje sikker på noko sub 4-løp, då gjennomsnittstida pr km var på 5.26
Antydning til motvind på tilbaketuren, men det var i grunnen greitt med ein svalande vind. Det som skjedde på returen var at gjennomsnittstida pr km kraup oppover, men gledeleg seint slik at håpet steig. No blinka 3-talet sterkare og når eg etter kvart nærma meg mål uttalte eg at eg ville setje meg ned og grine dersom eg ikkje kom under fire.
Jau, då……dette gjekk vegen: Med ei brukbar avslutning kunne eg ganske kontrollert «surfe inn» til 3.55.11 og forbetring av årsbeste med heile 36 sekund.
Det som eg ikkje hadde forventa var at eg skulle oppnå premie. Eg veit at eg fekk premie i 1998 då eg sette pers, men det har vore ganske slunkent etter dette. Veldig gledeleg !
Som eg har nemnt tidlegare blir det ein hard juli månad. Komande helg er det Hornindal rundt – men først blir det ein roleg tur på Trollenykjen utanom konkurranse.
Eg må nesten nemne Helge Hafsås. Han vann ikkje denne gongen, men trur du ikkje det at trass i problem undervegs greidde han å klore seg under 3 timar denne gongen også – for 232. gong. Berre prøv dei som vil !
Tilbake til overskrifta: Eg må vel «erkjenne» at dette er ein av mine favorittløyper. Alltid kjekt å kome til Jølster. Eg vil takke arrangøren for denne gongen og så lagar det seg sikkert for nokre fleire løp i framtida.
Noen flere bilder
Sportsmanden.no