Sunnfjord Ultra arrangeres for andre gang 11.juli
Team Sportsmandens Terje Lyngstad er initiativtaker og primus motor for løpet som nærmer seg 100 påmeldte
ENIVEST SUNNFJORD ULTRA 11. JULI 2020
– Pressemelding –
Om ei dryg veke er det klart for den andre versjonen av Enivest Sunnfjord Ultra. I 2019 kom ti løparar i mål i den 53 km lange løypa frå Førde til Rivedal. 94 deltakarar er påmelde, 17 kvinner og 77 menn. Det er deltakarar frå tre land utanom Norge, frå Danmark, Nederland og New Zealand. Arrangøren har god tru på at over 100 vil stå på startstreken i Førde sentrum 11. juli kl 9.
Ei vesentleg årsak til den store interessa er at dei fleste løp har vore avlyste sidan mars. Til liks med andre arrangement no for tida, vil Enivest Sunnfjord Ultra ta omsyn til gjeldande reglar for smittevern. Retningslinjene til Norges Friidrettsforbund vert følgde, noko som inneber puljestart og at det ikkje skal vere samla meir enn 200 menneske samstundes verken ved start eller i mål. Ein meters avstand er sjølvsagt.
Søskenparet Terje og Oddveig Lyngstad står bak arrangementet. Terje er medlem i Team Sportsmanden, og skal delta sjølv. Han vil i år som i fjor vere sist i mål, slik at arrangøren er sikker på at alle er komne vel framme i Rivedal. Der tek søstera Oddveig i mot på Rivedal Galleri. Der blir det muleg å skifte og ordne seg, kanskje ta eit bad i Rivedalselva, før det blir konsert, premieutdeling og matøkt. Konserten er det den lokale artisten Selvik som står for.
.
Team Sportsmanden er godt representert. Forutan Terje, er Trygve Fjeldheim, Christoffer Ladstein og Tom Erik Aulie Åsen påmelde.*
Påmeldingsavgifta er låg, 300 kroner, noko som skal dekke deltakarpremiar, vinnarpremiar, fullførar-t-skjorter, startnummer, mat og drikke, transport til og frå depot og frå mål etter løpet, løpsfotograf og konsert.
Alle må sørge for å ta tida på seg sjølve, og dei må bere med seg alt dei treng av mat og drikke. I år blir det truleg eit par drikkestasjonar utanom depot, og det er rikeleg med vatn å finne langs heile løypa.
Mange sponsorar har fatta interesse for løpet, og det lokale breibandselskapet Enivest har gått inn som hovudsponsor.
Løypa går vestover, frå Førde, den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane. Underlaget er 13 km grusveg, 20 km asfalt og 20 km terreng. Den siste delen i terrenget er relativt krevjande teknisk. Det er dessutan utfordrande å orientere seg i denne delen, sidan den følger dei raude merka til Turistforeningen, merke som ikkje alltid er lette å få auge på. To veker før løpet har Indre Sunnfjord Turlag gjort ein strålande dugnadsinnsats og nymerka det mest krevjande stykket.
Samla høgdemeter er ca. 2000. Løpet byr på det flottaste av natur denne regionen kan vise fram. Langs heile turen kan deltakarane nyte synet av karakteristiske fjell som Lisjehesten, Storehesten, Blegja, Laukelandshesten, Fløyen og Heileberget. Løypa går langs ei rekke fjellvatn, og i rundt ti kilometer følgjer ho den idylliske Dalsfjorden.
Enivest Sunnfjord Ultra er først og fremst eit arrangement som skal fremje løpsglede, turglede og folkehelse. Det er fritt fram for dei som melder seg på å gjere dette til ein turmarsj, det er muleg å delta utan tidtaking og dei som vil kan starte frå Laukelandsstøylen og berre ta med seg terrengdelen av løypa. Det er òg lagt til rette for tidleg start. Resultatlista er berre for dei som vil konkurrere med andre og med seg sjølve.
Det er muleg å melde seg på til og med 10. juli, dagen før løpet. Det er laga 120 startnummer, 100 deltakarmedaljar og 100 fullførar-t-skjorter. I skrivande stund vil dei seks neste påmelde vere sikra desse trofea.
– – –
*) Primus motor for Sunnfjord Ultra Terje Lyngstad er også medlem i Team Sportsmanden og han har skrevet flere reportasjer på Sportsmanden som du kan lese her.
Ønsker du også å bli medlem i det vi kaller «Norges kuleste team», så er det litt mer info på hjemmesiden her.
Team Sportsmanden
Meld deg inn i Team Sportsmanden nå og få gratis start i Sommerkarusellen
Sportsmanden.no