MaratonVestlandet

Eventyret på Møkster

Møkster Maraton ble en stor opplevelse i år også. Dette lille, men eksotiske maratonløpet ble arrangert på den lille øyen Møkster i havgapet på Vestlandet for tredje gang. Peter Tubaas og Kritin Husby var raskest, mens Sportsmandens løpende maratonreporter Terje Lyngstad, veteranen som har satt flere perser i år og som nylig vant Jølster Maraton, ble nummer to i sitt 80. maraton. Han har sendt oss denne rapporten fra dette spesielle løpet som involverer hele den lille øyen.

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -
image
Alle gode ting er tre: Ultralandslagsløper Peter Tubaas vant det tredje Møkster Naraton. Her med driftige arrangører. Foto: Arrangøren

 

EVENTYRET PÅ MØKSTER

Av Terje Lyngstad

Alle gode ting er tre, og slik var det for Møkster Maraton òg som gjekk av stabelen for tredje gong 2. august. Suksessen dei to tidlegare åra heldt fram for arrangørane som har marknadsført løpet som ein eventyrmaraton, ein merkelapp som er heilt i tråd med røyndomen.

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

Mange av løparane valde å bruke heile helga i Austevoll, dvs. at dei reiste ut dit fredag og overnatta på gjestehus eller privat hos dei drygt 60 fastbuande møkstringane, før dei deltok i løpsfesten og kulturkvelden på laurdagen, og reiste heim søndagen.

Eg valde derimot å ta det som ein dagstur, noko som var fullt muleg etter å ha fått fyldig informasjon i førekant av arrangørane, med Mona Mørk og Bosse Litsheim i spissen. Med utgangspunkt Sandviken laurdags morgon kl 0730, tok eg og Gro og hunden Tilla oss til ferjekaia på Krokeide, og etter ein dryg halvtime med ferja til Hufthamar, bar det vidare eit kvarters tid i taxibåt til kaia på Møkster. Derifrå spaserte vi eit nytt kvarter bort til skulehuset der det vart halde eit kort informasjonsmøte om løpet.

Berre turen til Møkster har ein kvalitet verdt hva det kostar i påmelding til løpet. Å reise frå byen og ut i havgapet, med den storslåtte naturen som let tankane gå til Saltkråkan, skaper ei heilt eiga ro og glede. Vêret var strålande, både for publikum og løparar, opphald og ein temperatur rundt 20 grader, kanskje i høgste laget for løparane på slutten av løpet, men i ei slik råme betydde det ingenting.

Stor stemning og masse tilskuere langs løypen. Foto: arrangøren
Stor stemning og masse tilskuere langs løypen. Foto: Gro Tufte

26 løparar var påmelde og 23 stilte til start. Nokre valde tidleg start kl 10, medan hovudstarten gjekk kl 11. Løypa er særeiga på denne vesle øya. Vi sprang i ein slags trekross, med skulehuset som midtpunkt, der start og målgang var. Desse tre sløyfene skulle springast ti gonger. Kvar ”runde” var altså ca. 4,2 km. Løypa var kontrollmålt, og i følgje mi gps-klokke var den i alle fall ikkje for kort. Det kan høyrast ut som om det er ekstra psykisk krevjande å springe ein maraton som består av ti runder, men mi oppleving er at det gir store fordelar. For det første er det lettare å telje ned frå ti enn frå 42, og for det andre er eit slikt løp ekstremt sosialt. Du møter løparar heile tida, og du ser publikum og familie og vener ofte, faktisk heile 30 gongar mellom start og mål. Når løparane i det kortaste løpet, den nautiske maratonen på knappe åtte km, starta å springe kl 12, vart det rett og slett folksamt langs løypa.

Eg hadde på førehand bestemt meg for at dette verkeleg skulle vere ein opplevingsmaraton. Sidan eg hadde eit lite jubileum – Møkster ville bli min 80. maraton om eg fullførte – skulle smil og natur og løpsglede stå i høgsetet. Samstundes hadde eg lyst til å ta i litt òg, heile stemninga inviterte til det. Hornindal Maraton sju dagar tidlegare sat framleis i beina, men eg kjende meg lett og fin på startstreken. Eg gjekk difor hardt ut i tet med polakken Janusz Wajs i hælane. Han skulle følgje meg i knappe fem runder, før han vart ein av sju som braut løpet. Varmen og den svært kuperte løypa, med totalt 600 høgdemeter å forsere, gjorde nok sitt til det store fråfallet utover i konkurransen.

image
Terje Lyngstad har hatt en særdeles tøff og imponerende maratonsesong. Her er han i tet på vei mot andreplass i Møkster Maraton. Foto: Gro Tufte

Eg passerte halvmaraton på 1.33,02, framleis i tet, men i løpet av sjette runde såg eg at det var ein løpar som heldt høgare fart enn meg. Peter Tubaas såg frisk og rask ut og hadde ligge jamt på runder i underkant av 19 minutt. Mine rundetider hadde gått frå godt under 18 minutt til knappe 20 på femte runde. Ved passering seks runder var det difor duka for ein ny mann i leiinga. Peter viste derifrå og til mål stor styrke, og klokka dei siste rundane i same stabile tempo. Med tida 3.09,19 blei han den suverene vinnaren av årets Møkster Maraton. Han sprang siste halvdel berre 1 min. og 35 sek. svakare enn første halvdel, ein prestasjon i seg sjølv i denne løypa.

Med god støtte frå eit herleg publikum, og særleg frå mine supersupportarar, Gro og Tilla, som eg såg ”overalt”, og eit herleg serviceapparat med drikkestasjon, svampar og ekstra vassforsyning på kaia, der det dessutan var ein trufast tilhengarskare som heia og tok bølgen og leska seg på øl gjennom alle ti rundane, klarte eg å halde tempoet nokolunde oppe dei siste fire rundene. Ved målgang var tida 3.16,48, og eg kunne lukkeleg ta i mot den flotte medaljen i tre som viste at eg var blitt nr. 2 i årets Møkster Maraton. Frode Johansen sprang eit fint og jamt løp og kom inn på 3.24,18 og ein flott 3. plass.

image
De to beste på Møkster: Reporter Terje Lyngstad med vinneren Peter Tubaas (t.h).

På kvinnesida imponerte Kristin Husby igjen. Etter ein svært sterk opning og passering halvmaraton på 1.37,22, vart ho vinnar blant kvinnene med sluttida 3.27,06. Det står stor respekt av denne prestasjonen. Kristin spring i klasse 50-54 år. Det må òg nemnast at Inge Asbjørn Haugen, som sprang sitt maratonløp nr. 478, sette ny Møkster-pers på 4.06,50, ei tid som gav han ein fin 8. plass. Det er berre å bøye seg i støvet for prestasjonen til Inge, som no spring i klasse 60-64 år.

image
MARATONMANNEN: Inge Asbjørn Haugen, på farten igjen i sin maraton nummer 478. Foto: Arrangøren

Når alt dette er sagt, må vi tilbake til utgangspunktet – Møkster Maraton er eit eventyr, ei oppleving, av natur og møte med glade menneske og ikkje minst løpsglede, noko som viste seg etter kvart som den eine deltakaren etter den andre kom i mål. I skulehuset vart det servert herleg mat. Du kunne få grilla laks og sushi og eg veit ikkje kva du ikkje kunne få, og det var overflod av kaker og kaffi og saft som gjekk ned på høgkant i dei etter kvart så karbohydratfattige kroppane som sat og stod fornøgde rundt om i målområdet.

image
Terje Lyngstad gratulerer den sterke veteranen Kristin Husby, som vant dameklassen og kun hadde de tre beste mennene foran seg i mål. Husby har imponert stort også tidligere i år, bl.a. med klasseseier og tredjeplass totalt av damene i Nordmarka Skogsmaraton. Foto: Gro Tufte

d tredjeplass og klasseseier i Nordmarka Skogsmaraton

Etter å ha teke farvel med arrangørane, rusla vi ned på kaia for å nå taxibåten tilbake til Hufthamar. Der var butikken open, folk sat framleis på uteterrassen og kosa seg med is og brus og øl, og det såg ut som fleire handla inn proviant til kveldens underhaldning som Ove Thue skulle stå for. Trøytte og glade vart vi skyssa over fjorden, før vi gjekk om bord i ferja. Det var først då vi køyrde i land på Krokeide at vêrgudane fann ut det vere nok av det gode denne strålande augustdagen i vest. Himmelen rivna, og lyn og tore og regn sette punktum for ei av dei finaste maratonopplevingane eg har hatt til no. Det kan kanskje toppast om eit år. 1. august 2015 er det Møkster Maraton igjen.

image
KEM E’ DE BESTE!? Ove Thue, kjent for Brann-klassikeren, underholdt etter løpet. Det var en variert meny på Møkster. Foto: arrangøren

Det ble også arrangert en nautiske maraton – trolig den eneste i sitt slag – både for voksne og barn. Vant her gjorde Baard Raknes (31.35) og Ingri Birkeland (36.15)

RESULTATER 3. Møkster Maraton

Plass Navn Klubb Tid

1 Tubaas,Peter No Team 3:09:19 + 00:00

2 Lyngstad,Terje No Team 3:16:48 + 07:29

3 Johansen,Frode No Team 3:24:18 + 14:59

4 Husby,Kristin No Team 3:27:06 + 17:47

5 Vaage,Gur No Team 3:54:27 + 45:08

6 Troland,Ole Christian No Team 3:58:42 + 49:23 7

7 Nordanger,Jørgen No Team 3:58:52 + 49:33

8 Haugen,Inge Asbjørn No Team 4:06:50 + 57:31

9 Aase,Trygve No Team 4:16:22 +1:07:03

10 Polden,Sveinung No Team 4:34:33 +1:25:14

11 Lithun,Lise No Team 4:43:19 +1:34:00

12 Olderkjær,Ingvild No Team 4:45:12 +1:35:53

13 Halstensen,Torstein No Team 4:52:41 +1:43:22

14 Wågen,Thomas No Team 5:04:55 +1:55:36

15 Dale,Hege No Team 5:05:56 +1:56:37

16 Lima,Sigurd No Team 5:27:30 +2:18:11

DNF Braut,Ivar No Team DNF Kvam,Eystein No Team DNF Mangor-Jensen,Paal No Team DNF Michaelis,Thomas No Team DNF Olderkjær,Tore No Team DNF Polden,Jan Atle No Team DNF Wqjs,Janusz No Team

DNS Gaupås,Kenneth No Team DNS Havnås,Stian No Team DNS Klepsvik,Renate Møgster No Team

 

Sportsmanden.no

Spre idrettsglede og gjør Sportsmanden mer kjent med å dele innlegget!
- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -