InternasjonaltMaraton

Rapport fra magisk maraton i Tyrkia

Race Report: Antalya Marathon (42km)

– Av Sondre Bjotveit  – 

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

Eit halvt år med målretta trening. Jamt og trutt. Det bør gi resultat. Få blomen til å bløme. Frukta til å modnast. Eller beina til å turnere raskara. Iallefall litt?

BOFF! Nei, er det enkle svaret Antalya Marathon gav. Eg skulle på nytt lære at førtio kilometer er forferdeleg langt. Og lukka så fjern.

IMG_6138-300x300
Expo er alltid moro!

Antalya-by badar ved Middelhavskysten i Tyrkia. Plassert på ei krass klippe, omgitt av snøkledde fjell, magisk skog og historiske ruinar. Ein liten flytur frå Norge.

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

Men for ein engare krins er det anna som lokkar. Springarar har flokka til i eit tiår. I år var det tiande gong Antalya Marathon gjekk av stabelen. Kjent som beste maraton på tyrkisk jord. Litt fordi organiseringa er perfekt. Litt fordi løypa er vakker. Og litt fordi ho er passe rask.

Over startstreken heldt eg ryggen til dei berømte russiske tvillingane (Olesya and Elena Nurgalieva har seg i mellom vunne Comrades Marathon ti gonger!). Straks var dei ute av augesynet. Og bølgja av springarar velta forbi. Eg var i gang med mitt eige løp.

Vi sirklar gjennom gamlebyen, langs ruinar. Eg vekslar oppmuntrande ord til kompisar. Gjennom vinteren har vi trent godt. Etter fem kilometer snur sprintarane. Fem nye kilometer og enda fleire gjer si vending.

IMG_6170-0-300x300
Sommarfuglar

Eg er åleine. Det er då eg må begynne arbeidet. Ved hjelp musikk finn eg rytmen, let meg omfavne av den kjølege middelhavsbrisen. Kilometer etter kilometer legg eg tilbake langs havet. Det er magisk vakkert. Og stille. Men under overflata trøytnar beina.

“I think we (runners) often forget that, even though we miss a target time by a few minutes, it is often a pretty good run compared to where we were a year of two back” – Mark, kompis som samme dag gjorde 3:02..
Så plutseleg kjem proffane. Stive i blikket, med raske steg. Dei har allereie vendt halvvegs.

Halvmaraton unnagjort. Eg kjenner ein straum av ny energi. Men så kortvarig. Rundt svingen slår vinden i mot. Uvitande hadde eg nemleg vore om medvinden. g freistar å jobbe effektivt. Set bein utan å streve. Freistar å vinne lukka.

Det røyner på. Ved tjuenikilometer let eg beina få gå. Fortel kva oppgåve som ventar, ta steget utanfor komfortsona. Det er no maratonløpet startar. Eg har gjort raske mil før. Men kort raskt kan det gå i dag.

IMG_6160-0-300x300
Finfin medalje..

Eg draumer om snøgge karbohydrat. Spesielt cola. På drikkestasjonen tilbyr dei vatn. Og ein svamp. Dei får tapre smil tilbake.

Til alt hell har eg ein koffeintablett i lomma. Det blir sus og dus, og energirus. Stega blir raskare.

Åtte kilometer att. Beina nektar å turnere som dei får høyre. Tempoet slakkar av. Eg tek meg saman på ny. Og prøver enda ein gong. Mein steikande sol har sugd opp kreftene.

Eg jagar nokre ryggar. Vinn nokre, tapar andre.

IMG_6122-300x300
Magiske Antalya

På oppløpet heiar draumedama. Full av energi. Junior let seg ikkje imponere. Ikkje eg heller. Eit halvt år etter Oslomaraton subbar eg over mållinja. Tida er nøyaktig den samme.. Fire minutt og trettiåtte sekund per kilometer. Joda, det er bra.

“Sooner or later you have to reap the benefits of training put in over many months and you will have a breakthrough run” – Mark
Likevel skulle så gjerne vore litt raskare, tenker eg. Ny PB både på 5, 10 og 21 kilometer i opptrappinga.

Enda ein maratonmedalje til rundt halsen (26 av slaget!). Ei oppleving rikare. Og bøttevis med nye erfaringar.

Eg er superheldig som får oppleve dette. Nokre dagar med rolegare trening og refleksjon ventar.

IMG_6158-300x300
Junior fall raskt i søvn..

Det er tidleg i sesongen og straks blir det nye eventyr. Maraton på Kypros, i Ankara og Cape Town.

Og til slutt det største av alt: Comrades Marathon. Det betyr bøttevis med kilometer i mars og april!

Shaban Mustafa vann på 2:32:38, mens dei russiske tvillingane kom inn på høvesvis 2:46:34 og 2:50:31.

– – –

Bakgrunn: Følg Sondre Bjotveit sin vei mot det legendariske ultraløpet Comrades mellom Durban og Pietermaritzburg i Sør-Afrika, på cirka 9 mil. Bjotveit løper 31.mai dette løpet for tredje gang.
– Eg må sjå an treninga, men håpar å kunne snike meg under ni timar. Det var første vinnartid i 1921. Så langt har eg 10t12min og 9t46min. Det tar tid å bli god på ultra, forteller Bjotveit til Sportsmanden
Som oppkjøring mot Comrades skal Ankara-bosatte Bjotveit arrangere et maraton i byen, løpe Limassol Marathon på Kypros i slutten av mars, delta i «verdens vakraste maraton» i Cape Town (Two Oceans) i påsken, før oppkjøringen toppes med et tyrkisk terrengultra i april.

 

Følg med på Sportsmanden og Sondre sin blogg.  

 

Sportsmanden.no

 

Spre idrettsglede og gjør Sportsmanden mer kjent med å dele innlegget!
- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -